På Nordigard Bjørge er det stort dyreliv. Me har ikkje mykje av noko, men litt av mykje. Her er det:
Telemarkskyr:

Desse dyra er garden sin stoltheit. Det er kun 333 avlskyr att av rasen,
fordelt på 98 besetningar. 10 av dei står i fjoset på Nordigard Bjørge.

Gamal norsk sau(villsau):

Me har ein liten flokk sauer på garden av rasen gamalnorsk sau (villsau).
Rasen blir ofte kalla villsau der dei går ute heile året utan menneskekontakt, men her på garden er dei tamme og kontaktsøkande.



Tiril og Kastanje er dei tammaste av sauene og går rundt i eplehagen med lamma sine.
Geiter
Me har to afrikanske dverggeiter:

Salto er Nigeriansk Dverggeit og er grå i fargen.

Bambi er systera til Salto og også Nigeriansk Dverggeit. Ho er brun i fargen og har ein tydeleg ål på ryggen, som er karakteristisk for den nigerianske dverggeita.
Bambi er litt meir sky enn Salto.
I tillegg til dverggeitene har me den norske geitebukken Julius.
Julius er gardens sjarmør og kongen på haugen (trur han sjølv ihvertfall).

Hestar

Me har 5 hestar på garden. Det er islandshestane Atla og Embla (Embla er bare oppstalla her), Welsh Mountain-ponnien Pippo, shetlandsponnien Tini og kaldblodstravaren Milla.
Fleire av desse blir brukt i ponniridningen, som er ein populær aktivitet.

Shetlandsponnien Tini er ein liten ponni av typen mini. Han er ein skikkelig kose-ponni og sett pris på klapp og kos.
Pippo har her pynta seg for anledningen (til venstre) og er ute på kveldstur (til høgre)
Lama
Me har 2 lamaer på garden, Vicky og Pia.
Dei har egen innhegning ute i eplehagen.


Påuglar
Bob og Sofia er påfuglane på garden. Dei kom hit i juni 2025.
Høner
Me har fleire hønseraser på garden, blant anna Brahma, Dverg Kocin, Tverrstripa Playmotrock, Red Road Island.

Pekingand

Me har ein liten flokk pekingender i andedammen vår.
Mini-grisar
Me har to minigrisar på garden, Nøffe og Molly
Kaniner
Me har fleire kaniner på garden.
Desse er blanding av hermelin/løvehode eller løvehode/dvergwedder.











