Dyra på garden

På Nordigard Bjørge er det stort dyreliv. Me har ikkje mykje av noko, men litt av mykje. Her er det:

Telemarkskyr:

cropped-cropped-hpim01482.jpg

Desse dyra er garden sin stoltheit. Det er kun 333 avlskyr att av rasen,
fordelt på 98 besetningar. 10 av dei står i fjoset på Nordigard Bjørge.


Gamal norsk sau(villsau):

Me har 2 sauer på garden av rasen gamalnorsk sau (villsau).


img_8731

Sauene og dverggeita Bambi får mat av eldstejenta Ingebjørg

Geiter

Me har to afrikanske dverggeiter:

img_8717

Salto er Nigeriansk Dverggeit og er grå i fargen.

img_8742

Bambi er systera til Salto. Ho er brun i fargen og har ein tydeleg ål på ryggen, som er karakteristisk for denne rasen.
Bambi er litt meir sky enn Salto.

 

Hestar


Me har 5 hestar på garden. Det er islandshestane Atla og Embla (Embla er bare oppstalla her), Welsh Mountain-ponnien Pippo, shetlandsponnien Tini og kaldblodstravaren Milla.

Fleire av desse blir brukt i ponniridningen, som er ein populær aktivitet.

Shetlandsponnien Tini er ein liten ponni av typen mini. Han er ein skikkelig kose-ponni og sett pris på klapp og kos.

Pippo har her pynta seg for anledningen (til venstre) og er ute på kveldstur (til høgre)

<3

Lama

Me har ein lama på garden, Pia, som går sammen med sauene.

 

Påuglar

Bob og Sofia er påfuglane på garden. Dei kom hit i juni 2025.

Høner

IMG_6344

Me har fleire hønseraser på garden, blant anna Brahma, Dverg Kocin, Tverrstripa Playmotrock, Red Road Island.

Pekingand

Me har 2 pekingender i andedammen vår.

Mini-grisar

Me har to minigrisar på garden, Nøffe og Molly

Kaniner

Me har fleire kaniner på garden.

Desse er blanding av hermelin/løvehode eller løvehode/dvergvedder.