Me har fleire fine turvegar/naturstier i nærområdet der du kan ta utgangspunkt frå parkeringen/garden (ver obs på at det er betalingsparkering dersom du ikkje besøker besøksgarden). Du kan gå i bratt terreng opp til Bjørgefjell eller mindre krevjande turar både ovanfor og nedanfor garden.
Sjøormtårnet/Seljord Camping
Frå parkeringen kan du gå ut mot sjøormtårnet og speide etter sjøormen. Her kan du også ta ein svipptur innom Seljord Camping, som har kiosk, båtutleige og ei lang og fin badestrånd.
Det er mogleg å gå med barnevogn heile turen (bortsett frå opp til toppen av sjøormtårnet)

Utsikt frå sjøormtårnet

Mot Seljord Camping
Valskarsnuten/Jegergrotta
Om du går opp til garden og så vidare opp i skogen kjem du til Valskarsnuten, ein kort, men litt bratt tur med eit fint utkikkspunkt. Går du vidare oppover her kjem du til Jegergrotta og du kan også gå rundturen ned igjen til campingen.








